I New York, på eit ynkeleg hotell,
der hengde T. seg i ei snor.
I mange år han flakka vide om,
ein fredlaus vandringsmann på denne jord.
I Praha tok M.J. sitt unge liv,
ein heimlaus i sitt eige fedreland.
R.P. har vore stum det siste år,
hans røter visna, døydde også han?
Han var poet og drog til Spania,
med blikket slørd av sorg og tåredis.
Den som er diktar og vil vere fri,
kan han vel rope under stål og is?
Kan han vel rope framfor æva vid
når alle livsens vegar brått tek slutt?
Kan den som ligg i lenker, lyst i bann,
la songen stige som ein freds-salutt?
Når lammet viser tennene og bit,
og turteldua mettar seg på blod,
når slangen vislar på ein stille veg
og vinden hyler over aude mo.
26. mai 1939
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论