På vegen kvit av måneskin,
når himmelhyrdingen med stav
driv alle skyer fram i flokk,
da kjem dei, dødens gangarar,
mot oss, mot oss, i ville trav.
Kjem utan hovslag, hugar drap,
på ryggen ber dei bleike skrømt
i dette stumme skugge-ritt.
Og når dei rid ved nattetid,
har månen sjølv blitt redd og rømt.
Men heile verda ligg og søv.
Og ingen veit kva veg dei kom.
Dei sakkar farten, stansar brått.
Ein gangar utan ryttar står
og ventar der med salen tom.
Og han som dei har stansa for,
han bleiknar der han stig til hest.
Så jagar Døden i galopp
på vegen kvit av måneskin:
Kven blir den neste nattegjest?
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论