Til Sankt Blasius


Sankt Blasius, eg bed deg vent og vakkert: Hjelp!

Eingong da eg var liten gut

dei heldt to kvite lys opp mot min tynne hals,

eg stirra storøygd mellom dei,

eit lite rådyr mellom to små tre, forskremt.

Og vinters tid, på dagen din,

hang mine augo ved den snille, gamle prest

som bad til deg og bøygde seg

mot vesle meg som låg ved altaret, på kne

og mulla bøner på latin

som ingen av oss heilt forstod. Det var ein from

og gammal skikk. Og likevel:

Du høyrde bøner, og du var min barndoms vern

mot halskatarr og difteri,

betente mandler og bronkitt. Og eg fekk lov

å vekse opp, bli sunn og frisk.

Nå har eg levd halvt hundre år, men utan takk,

for aldri tenkte eg på deg.

I dag eg bed deg, biskop av Sebasta, hjelp!

Og tilgi alt eg har forsømt!

Vi lever som naive barn, på dårars vis,

vi kastar knapt eit flyktig blikk

tilbake, berre stormar fram på livsens veg

og slepper gladeleg den hand

som verna oss, mens gode makter smiler blidt

slik vismenn gjer, og utan nag,

sjølv når vi gløymer dei, og sidan, i vår nød,

kjem springande med hjartebank,

som eg til deg i dag ... Å, smil, sankt Blasius!

Du ser meg her, eit livredd barn,

på kne ved eit einfaldig altar, vigd til deg,

Ja, smil, men du må hjelpe meg!

Ein sniken sjukdom trugar med å drepe meg,

den kjøver strupen, snevrar inn

mitt svelg, eg får for lite luft og pustar tungt

lik ein som kliv i bratte fjell

og kjenner han blir veik, lik ein som ber ei bør

han ikkje vinn. Slik lever eg

andpusten utmødd. Og eg veit: Ein blank skalpell

ligg klar. Snart vil dei opne opp

den same hals som eg så tappert bøygde ned

mot dine lys da eg var barn.

Eg skulle berre visst... Å, hjelp, sankt Blasius!

Du kjende sjølv den kvasse kniv

mot strupen da du fall for usæl heidninghand,

du må jo vite kva det er!

Den stramme smak av blod når stålet støyter til,

dei spente, evige sekund,

det brotne luftrøyr, krampen, denne agoni

som kvelingsdøden alltid er.

Å, hjelp meg! Du er vis og vaksen og du veit

kva liding er, du kjenner alt,

du veit kor mykje mennesket kan halde ut,

kor langt den gode Gud kan gå,

kva dette liv er verdt... Og kanskje også det

at døden ikkje er så svær.


作者
蒙卡奇・巴比茨

译者
Åse-Marie Nesse

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Babits_Mih%C3%A1ly-1883/Bal%C3%A1zsol%C3%A1s/no/23967-Til_Sankt_Blasius


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论