Dei kom med hausten. På eit kjølig glasfat
ligg friske frukter. Druer av smaragd,
enorme pærer lysande som jaspis —
kvar einaste ein glitrande juvel.
Ein drope vatn renn frå raude bæret,
ein liten diamant som trillar bort.
Å, for ein prakt, så likesæl, så herleg,
fullkomenskapen, vend imot seg sjølv.
Eg ville leve meir. Men trea står alt
med gylne hender, vinkande mot meg.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论