Vi hadde vonde tider her i vinter,
som om naturen ville vise verda
at den har alle sine krefter enn
og krev vår age og vårt djupe alvor:
den kan bli like hard som mannehjarta.
Småfuglar fall frå trea, stive, frosne,
og dådyr-tåra klirra hardt mot jorda,
dei ville dyra våga seg til gards.
Å, mange var dei liv som gjekk til grunne
i bygd og by, i desse øydetider.
Det hende at ein tiggar sov i grøfta
og fraus i hel, nedgraven under søppel.
Sjølv herremannen i sin varme pels
var stiv av frost på open gate eller
i røykfylt stove, tett ved kakkelomnen.
Det verste er at ikkje eingong tanken
på våren gir oss glede. Den vi alltid
såg fram til før. Vi går i otta for
at våren vil gi fleire sår enn blomar,
at angen av jasmin er døyvd av liklukt.
Og likevel, vår løynde blodtørst lengtar!
Ivied nervene i høgspenn, lik ein tapar
i spel... Å, Herre, fell din høge dom,
la isen smelte i dei store elvar,
send enn ein gong ein syndflod over jorda!
Ja, la det skje, om du er lite villig
og held det for uverdig når vi vonar
at fred og rettferd sigrar her til sist:
du overlet oss i tyrannars hender —
ein tilstand verre enn den verste vinter.
Men vil du at barnebarna våre
blir fanga av ei ny og farleg lære
og ikkje lenger veit dei rette namn
på det vi ennå held for dyrt og heilag,
det som dei gav sitt liv for, våre fedrar.
Da vil vi heller ha ein syndflod! Kanskje
ei ark skal atter vogge over vatnet:
To frie menneske, og tamme dyr,
den strenge elefanten, mjuke kattar,
små rare ekorn, duvande kamelar.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论