Eg må finne de att. Spådomar,
eldre enn Dei Heilage Tre Kongars,
har synt oss ein makelaus himmel
til å krone våre to netter.
Mine fortropper, speiarane mine,
dreg ut og gjer klar
dine elvelægje, dine stigar,
den ubrøytte krattskog.
Under vår hud, dette makelause telt.
Ja, slik vende vi tilbake
frå den bibelske ørken.
Minnest du grottene, buskane,
lauvhytte-livet,
der vi leika som barn?
Den tid da ennå handa
er venn med insekt og slangar
og stiller fram i sol ein snigel,
ein frosk som glinsar av slim,
ivrige hender, som leitar etter under.
Og når vindane vakna
fløymde det gullklumpar,
og rundt omkring dykk eit flytande
akvarium med gneistrande fiskar.
Under vår hud, dette makelause telt.
Og himmelen som mørkna
av eit «må ikkje, må ikkje» –
kvar kom det vel frå?
Eller angsten for å sprengje grenser,
når to hjarta banka under eitt par venger.
Under vår hud, dette makelause telt.
Steinborda tala med seg sjølve,
ikkje med oss.
Eg må finne deg att.
Dei halsar nedover lia, alle mine folar.
Eg breier meg ut med mine usvikelege
falkar, lik ei pil, med sporhundar,
snøggare enn alle, i dette mitt framtidsrike,
eg vidar meg ut som ei vifte
fram gjennom fjellpassa dine,
strekkjer meg fram imot kjeldene dine
og vil kvile meg ved peisen,
ved peisen i eit hus,
der angen av brød er angen av kvinne,
denne hær som har vore på vandring
– kor lenge? kor mange hundre år?
Under vår hud, dette makelause telt.
Og ei tyngd ljomar i ditt øyra,
og tvers gjennom denne – minnest du vel?
Den spente otten, ståket frå dei andre
der oppe, – foreldre, vogner og hundar –
frå den fjerne verda, så lite vennleg.
Og dette stadige «kvar er de?» og ønsket
tvers gjennom lauvhytta og pinen,
ønsket om å gøyme seg
langt langt vekk eller ganske nær,
og springe, gløyme, finne eit verkeleg hus,
i dag, du veit det, – rømme dit,
tilbake eller fram – til landet
det vaksne barnehjarta berre finn
i kvinnefamn, når det fell i kjærleik,
ikkje for å gå ut or seg sjølv
men for å skode sol –
Dette er lova og framtida.
Og kanskje ikkje lenger utan von.
Eg reiser fram gjennom deg, eg sym ved di side,
du som luter deg over min ørken.
Eg heiser mitt vikingsegl,
eg fløytar på mine voggande kamelar,
og hertek hovudstaden din,
eg, som ber riket ditt til deg,
oppdaga, kjent på ny,
vaska sjølv av dine synder,
reint som eit duka bord.
Under vår hud, dette makelause telt.
I vårt felles rike, denne utlægd for to.
På to einsemders makelause himmel.
Du minnest to barnehjarta,
kjøvde av angst.
Skremte, forstøkte, banka dei
mot kvarandre:
to tilfeldige – ditt og mitt –
slo seg fram, striddest, hamra på ny,
det eine tala for begge,
alt vondt er blitt godt,
det umoglege sant,
universet dekkjer oss atter
med millionar av stjerne-yngel –
du pustar, du er berga,
sjå – i alle fall nåde,
om ikkje frelse - ein liten forsmak,
som denne stjerne der oppe –
I det djup våre hjarta eig saman,
i det levande vatnet, den fløymande elva.
I to fuglars himmel.
I det doble rike av alle våre instinkt.
I vårt felles kongerike
av lydige sansar,
der underet er det som er kjent,
og det kjente er det vi aldri såg.
I dei fem kontinenta dine
som sviv mellom polar av is,
for vi fødest og vi døyr –
Kartet over deg vil eg teikne,
lik Stanley på oppdagings-reise.
Heime vil eg vere.
Skaparar er vi, meir og meir til stades
i vårt liv – så langt det er mogleg –
under den karrige sol.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论