Å, høyr, ein vegvill ryttar jagar
i fjerne tiders blinde trav
og skremmer døde skogars sjeler
som søv i jern og mosegrav.
Der enn dei siste spreidde restar
av urtidsskogar veks av myr,
der dukkar skrømta opp i dagen
frå gløymde vintereventyr.
Sjå, her er snaret, her er krattet,
her er det gamle, mørke kvad
som heilt frå grimme fedrars tider
låg løynt i skoddehav ein stad.
Det spøker over alt om hausten
og folk blir borte, ein for ein.
November går i tåkekappe
på sletta, over stokk og stein.
Den nakne sletta dreg eit dekke
av siv og skog om sine sår
og gøymer all november-tåke
i dis frå farne tusenår.
Så full av blod, så full av løyndom,
så full av svunne ætters liv,
så full av lengt og von og vanvit,
så full av røter, sump og siv.
Ein vegvill vandringsmann på leiting
langs stigen overgrodd av tang.
Men ingen lys kan vise vegen,
og ingen landsby-klokkeklang.
Ein frostrøyk stig frå stumme grender
som drøymer om ei urtidsnatt.
Og varg og illsint bjørn og bøffel
kjem tumlande or tåkekratt.
Ja, høyr, ein vegvill ryttar jagar
i fjerne tiders blinde trav
og skremmer døde skogars sjeler
som søv i jern og mosegrav.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论