Sky med kvinnehovud


Vakne kulsande, drukken av lengsel,

kjenne sin loge danse i blodet;

også himmelen dirrar i purpur,

ventar eit flammesirkus av sola.

Skin, signande maisol. så blada

klappar i fryd, og blomemunnar

brest med salige pip på spente

stilkar, og årringars søte pine

stig som sevje og susande safter!

Sjå, skaparverket i festrus!

Lauvet lokkar lik kvinnekjærleik,

slår ein trollring omkring mitt hjarta —

lys, fløymande lys i virvel,

klang av sølv frå tusen små klokker

gjer meg yr som eit vårleg stormkast.

Mai, gåvene dine er sanne,

overveldande, unge, vene:

herleg er du i all din villskap.

Mennesket står der og stirrer andlaust.

Mai, mai, all hungers månad,

du har lært meg lovane dine:

siger gir du berre den svoltne.

Tusen år er min store tørste,

nå ei blømande flamme-rose!

Liv, å gi meg ein evig lengsel!

Matt er lyset på mette strender,

alle faner er grå og svarte,

jamvel rosa har giftig ange.

Det er lagnad verre enn døden.

Mi sjel dregst imot alt som lever -

knitrande silke og kvinnelokkar,

blomeduft og nattergal tonar,

sveittedropar og gledestårer!

Såleis er eg dømt til å sanke,

ingen siger er meg til nytte.

Likevel: dette er livet, min lagnad!

Ungdomsgløden er borte, men ennå

er eg ein svermar i vårens teikn.

Starkara enn i det store lyset,

ør av angen frå oljetreet

skodar eg opp imot blåe rømder:

Over meg skya med kvinne-hovud.


作者
László Nagy

译者
Åse-Marie Nesse

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Nagy_L%C3%A1szl%C3%B3-1925/Asszony-fej%C5%B1_felleg/no/24097-Sky_med_kvinnehovud


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论