Vart ikkje oppstyr i pusztaen
da eg der nyfødd låg
ein allehelgenskveld
uventa, kanskje ubeden òg
i november, alle helgens dag
da folk med kjertar flaug
mot høgda, fall på kne
ved kross og grav i tind og haug
da klokker klang og gravlysa
sette fyr på kvelden,
i alle landsbyar
slog opp den same forrykte elden.
Da svima mor rni av smertene
i ei hytte, forlatt.
Ser for meg dette slik,
snølandskapet, den døkke natt:
der låg ei kvinne, bleik, i eit rom,
frå alle fjelltoppar
flamma det høgt, slog eld
om henne frå kvar ein kyrkjegard.
Ein dødens triumf omkring henne
spøkjelsesmesse, kvit
i alle fjell. Da fyk
brått eit skrik ut frå dalen, opp dit.
Der oppe er gråt, sukk og ringjing,
frå djupet stig ei røyst
fylt av varm forsoning:
eit lite, skrikande liv til trøyst.
1931
Knut Ødegård og
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论