Bartók


«Kakofoni»? - Javel. Om dét for dei er kakofoni

som for oss er trøyst!

Ja. Lyden av glas som singlande

vert knust lik skjellsord

og det klagande skriket frå ei fil

som vert ført mot sagtennene

må fiolinane lære seg, må syngjande strupar

lære seg. Ikkje fred og lystige tonar

i den altfor fine, den forgyllte

avsperra konsertsalen

så lenge fred ikkje finst i våre mørke hjarte!

«Kakofoni»! Ja. Om dét for dei er kakofoni

som for oss er trøyst,

for høyr: Enno lever folkets sjel,

enno lever folket

og skrik ut! Ja sjølv om lyden som stig

frå stemte flygel, stemte røyster

syntest vere skjellsord-variantar av den lyd

ein høyrer frå jern som gnissar mot stein,

om tilværet slik får hevde

si døkke sanning

fordi det er nett denne «kakofoni»,

dette helvetesskriket

som ropar ut

harmonien!

Fordi det er nett dette skriket

som skjer seg tvers gjennom alle dei forbanna løgnaktige

vakre songane, som ropar til lagnaden om ein sann harmoni

og orden. Verda vil styrte såman

gå fortapt — om ikkje folket

grip ordet, ja majestetisk!

Du magre, strenge musikar, trugne ungarar,

(«berømt» du óg — som så mange av dine landsmenn)

lovmessig var det at nett frå folket

sitt sjelsdjup — dit du steig ned som i

ei smal gruvesjakt —

sende du skriket opp til denne kalde, strenge

konsertsalen som har stjernene til lysekrone.

Vil nokon kjæle øyra mine med lettsindige tonar

krenker han meg i mi sorg.

Den døde, den døde er mor vår — og avskilsmusikken

må ikkje kome frå Zerkovicz.

Lender er mist, kven vågar græte dei

med lirekasse-låtar?

Finst enno von for folket?

Når fornuften står stum framfor all vår otte, vår angest

— så ta til orde, du

strenge, ukuelige, «aggressive», store musikar

og sei oss at vi — likevel! har grunn

til å vone og leve.

Og at vi har rett, vi

utlevert til å gje liv, og til å møte døden,

rett til å møte andlet til andlet

alt vi likevel ikkje kan unngå.

For den som dekker til, han aukar faren.

Alt for lenge var det mogleg

å setje proppar i øyra våre og dekke over auga

når stormen herja, for så å skjelle oss ut

fordi vi ikkje kom med hjelp.

Men du viser oss din vyrdnad ved å

avsløre for oss kva du såg:

det gode, det onde, dyd og last —

og ved å tale til oss som til likemenn

let du oss vekse.

Dette trøystar oss.

Kor annleis eit språk det er, er det

menneskeleg, og fylt av sanning

som gjev oss styrke til det vanskelegaste:

til fortviling.

Dette takkar vi deg for,

for styrken til å kunne vinne over

helvete.

Sjå her er undergangen som likevel fører fram.

Sjå her, dømet på at den som med sin kunst formidlar

det groteske, sigrar over det.

Her svarar han tilværet, han, den store:

det var verdt

å gjennomlide helvete.

For enno finst det ikkje ord for det

som vi har gjennomlevd.

Berre Picasso sine jomfruer med dei doble nasane

kunne sukke, eller hingstane

hans med dei seks føtene

skrike ut eller i vilt tán vrinske ut dét

vi menneske måtte gjennomleve

og som berre den som har opplevd kan forstå,

som det ikkje finst ord for,

kanskje aldri vil bli ord for,

berre musikken musikken musikken,

musikk som dén de store tvillingbrør

har skapt, berre musikk, musikk

fylt av urgammal hete frå gruvedyptene

og av draumar om folkets framtidssongar,

musikk fylt av siger, av styrke nok

til å styrte fengselsmurar, musikk

som bed om den lova frelse med forbanningar

for å få ho her på jord,

musikk som ofrar ved å velte altara,

helbredar ved å gje oss sår, musikk

som lyfter alle som kan lytte

inn i ei meire rettvis verd.

Hald fram med ditt arbeid, gode lækjar, du

som ikkje gjev oss svevn, som røyver ved våre sjeler

med fingrane i din musikk, og alltid røyver dér

som ondet er å finne.

Kor underleg, kor frelsande balsam er ikkje det

du gjev oss ved å forløyse denne smertesong

som skulle ha kome ut av oss sjølv

men som ikkje vi kunne forløyse. Og difor let han

tone ut for oss — fødde til det tause hjarte —

med dine nervestrengar!

1955

Knut Ødegård og


作者
Gyula Illyés

译者
Vince Sulyok

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Illy%C3%A9s_Gyula-1902/Bart%C3%B3k/no/23807-Bart%C3%B3k


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论