Kanhende kjem ein gong den tid
når ihugkomst krev meir enn plan -
langt større mot å søkje bak
enn framover, slik vi er van?
Eg ottast ei! — mitt land finst alt
meir vernande enn alle fjell.
Eg går omkring og ser på ting
og væpna sterkt, med ord: eit vell.
Fortelje kor det landet finst
som er så trygt? Eg opnar meg.
Muml fram eit vers av Petőfi:
Ein tryllering slær krans om deg.
Og vart vi herja nok ein gong
av tartar- eller kræmarkrek,
og vegar atter vrir på seg
lik ormar som ein hard fot tek:
med auga lukt, sei i deg sjølv
dei ord som ein gong verkeleg
av flygesand, av folk og hus
let landet Ungarn reise seg,
gløym ikkje av at fjell og elv
— gjenstridig fjell og villfløymd foss
vart tamde når vi stolt gjekk inn
til løyndomen, og den hjalp oss.
Og trugsmål, dei er utan brodd,
og dødens pil flyg langt forbi:
Sei berre fram ei trollskjorte,
rop ut i natta Berzsenyi.
Saml såman alt som du har sett
med' du har vandra fritt omkring,
alt det du fekk av hjartet ditt,
av jenter, munter prat og ting.
Som Noas ark ein gong vart fylt:
Éin art med av alle tankar
skal du ta, og illusjonar,
drøymde dyr som i deg vankar.
I tusen år kan ord stå gøymt
lik dvergemål når ingen spør,
men tordne høgt om tusen år
vil dine ord, om ikkje før.
Så lytt til alt, og lær av det
som talar sjølv når det er tyst:
Møt fienden med muntert blikk
med boka klemd imot ditt bryst.
For eg eig heim — om ingen stad,
for røyndom er kva eg har røynd
i syn: og støytest verda om
eg eig ein heim, om i meg løynd.
Slik bier eg som sendebod,
som vaktar for ein gravlagd skatt.
Skyt panna mi eit skot! Det som
fanst der til himmels flyg den natt.
1936
Knut Ødegård og
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论