Under og over einannan,
opnar seg mot einannan i nakne
kast som når mjuke tonar
stig og fell, uverkeleg,
fyller lufta med rytmen av ein
overjordisk og evig kjærleik:
ut av eit tomrom
fødest musikk,
under og over einannan,
opnar seg mot einannan i stadig
nye begjær, som bryt lik dønningar
inn over famntak
fylte av stadig ny tørst, der
tusen bølgjer går saman,
glid frå kvarandre umettelege,
og så flyt saman igjen,
under og over einannan,
går opp i einannan som følgde dei
heilage lovar, like inn til det inste
opne og nakne, så eitt
med sin eigen rytme
at også dei varaste rørsler
blir kyss og ein einaste leik
av øre og ville famntak :
under og over bølgjer,
symjande rastlause bølgjer,
tørste, nakne, og tankar
tunge av elsk og lyst.
heite, forvilla tankar,
tallause bølgjer,
lengtande bølgjer
i eit forelska hav.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论