Framføre minnesmerket for reformasjonen i Genève


Hundreogtreogførti skritt: lengda

av minnesmerket. Lik eit bod som kjem

med siste heider til dei millionar drepne

gjekk eg langs raden av statuar.

Calvin, Knox, Farel, Béza. Og offiserar

dystre med tyrenakkar: Til krig for den sanne tru

Wilhelmane! og Coligny og Cromwell

- såg alle ned på meg der. Og Bocskay, med øksa…

Veik tilbake, var komen for nær: Meir avstand

måtte eg ha for å sjå dei alle.

Drog meg attende til hagen, til svale tre,

til den saklege kjøld i mitt indre.

Og brått: som om dei stod

til kaserne-appell

framfor auga mine,

stramt-militært,

nett stige fram

frå den høge fjellveggen der bak

og frå den andre, like veldige steinblokka

- den forsteina tid.

Kunne altså trø så langt fram, sjølv stivna

inn i stein i solskinet, stein der alle ord

er tagna. Dei ord dei har att

er berre gjerningane, slik tida vil forklare dei.

Døde, som står her i giv-akt, tal!

Eller kan eg tale først?

De som «stod der, kunne ikkje anna»

fordi anten-eller: Fanst ikkje kompromiss,

dei lunkne vil gud spy ut,

de som lot dykkar meiningar etter dykk i ting, objekt

korleis står det til no med sanninga i dei knyttnevane

som for firehundre år sidan svor den heilage eiden

og som står fast den dag i dag med bibel og sverd

strekt ut i stein-krampe?

Kva gav de til den saka de stræva etter

lidenskapleg som ein opphissa elskar - når

målet var nådd?

De spør om det same?

Og om

det ikkje gleder dykk å høyre det?

Men eg vil fortelje. Fordi det også piner meg.

De stod der, brennande av Guds Sanning,

og mot ein annan her, brennande av same eld.

Saka vart, som tusen gonger før, gjort av

med våpen og eld.

Millionar av kroppar som vreid seg i smerte

for den evige sjelefrelse, vreid seg

på slagmarker, i galgar, skafott

pelar, hjul og i nye og sinnrikt uttenkte

torturmaskinar, vreid seg i pine: Ut frå Jesus

vaks det fram ein skog av krossar

tvers igjennom Europa, byar brann, halwille

soldatar åt menneskekjøt forat «avgudsbiletet» her

og «den villfarne boka» der skulle brennast.

Så lenge som synd stod mot synda og eld mot elden

stod byar i loge. Og ut av det kom

- sigeren?

Nei, tida kom. Klok. Tålmodig

og med ein slags humor.

Kom tida.

Borgarar av dei to

herane og truene står enno i dag mot kvarandre.

Enno i dag, også i mitt land. Dei gamle tårn

på dei dystert kvitkalka og gullprydde kyrkjene skrell

enno som kanonar kvar gong dei ringjer,

om søndagane

tordnar prestane over altara

etter gamal skikk, men komen ut på fortauga

helsar dei kvarandre over gata og syner med finger-teikn

kva klokkeslet og kor kortspelrunden skal stå, eller

malle-kalaset med nokre små dansande glas skal vere.

Vakkert slik.

Gjorde det same om eg var prest:

For «lat oss forstå kvarandre»!

Men var ikkje prisen

litt for høg, pesten som vara i tretti år

d'Aibigné sitt raseri, Colignys død

den uhemma Sankt Bartholomeus-natta

det halve Tyskland, Europa som vart knekt

i to, tyrkarane som stod her

hundreogfemti år, og fedrelandet…

Dette var «sigeren»! Som var sendt oss

av gud. Han har jo så «soleklart demonstrert»: Det

var ikkje for han blodet flaut, men på grunn av han.

Slik var framtida. Først sett opp som ei pris:

- men fanst der ein sigerherre som ikkje var

forutbestemt til å sigre?

De har sigra.

Djevelen sigra gjennom dykk.

Tåpar var de, alle i hop. Heilt om!

Har ikkje rett til å gjere eit einaste steg fram!

Forsvinn inn i stein og tid!

Tapt. Frå byrjinga av var kampen tapt!

- sa eg høgt og klart, lik ein som først

gjekk inn mot seg sjølv med si sanning.

Også:

Fallitt. Fallitt har de spela! Kva vart det skrive

som utbyte på denne svarte tavla - dette kontinentet -

med blanke støvlar, stolte herar? Ein einaste tåpeleg

bokstav spela ut til strid, og ikkje eingong som vits

ny. Og det galdt berre Ungarn:

Kvifor er keresztyén meire guddomleg enn keresztény?

No. Så mykje meining har de destillert

ut av blodet til alle desse døde.

Millionar døde.

Også de hogg Knuten over med sverdet:

Hogg tvers gjennom Oppgava som venta på ditt mot

og med sin venleik på at du skulle løyse knuten.

Dette er «utbytet».

Men om - alt dette ikkje fanst?

- klang også i meg, venteleg, tårnet

på den eine sida mot tårnet på den andre

(og ringde frå da av om kvarandre)

og steig i meg, knapt meire finsleg, dei to

grimme gamlingar i ordkamp:

Gjætaren frå Tolna som alltid er tru mot dei styrande

og preikaren frå Sárrét, sprengfylt av trass.

Kva var det som let dei gripa til våpen?

Han som reiser seg, er det ikkje det Onde han angrip?

Og om det no ikkje vart særleg kamp av det? Om «trua

skulle døy» utan eit ord «i den rømerske skiten»?

Og dei og verda ville fylgt den veg som vart dei vist

av «tempel-kjøpmannen med tiara». Om det no

ikkje fanst ein einaste ein som gjorde motstand

mot synda, ja utan von men desto vakrare, slengjer ut

at «eg kunne ikkje anna!» — kor stod vi da

i dag? Ville kanskje sakne litt pine,

blod, nokre lemlesta offer

inkvisisjonar?

Ja om no Gustav Adolf

— til fånyttes kanskje — ikkje sette seg på krigshesten

og dei reine frå Toulouse ikkje ynskte våpentenest

i staden for pliktarbeid

ja valdensarane, husittane, Bocskays

hajdu-ryttarar som verken kunne skrive eller be,

trur du det da ville vere fred — sjølv ein slik

som du nett flira av?

Trur du det fanst eit Ungarn slik det no er

utan — Calvin?

Eg trur ikkje det.

Eller annleis sagt: Ville du hatt

elektrisk lys i arbeidsromet ditt om ikkje Giordano

Bruno gjekk i elden? Kor er opphavet

til at det no finst atomkraft, at du i morgón fyk

i ein rakett ut i verdsromet?

Deira forteneste som ikkje vart skremde

verken av bålet eller galeien -

ikkje eingong av nederlaga i krigane deira,

av «vonløysa» dukka alt opp, steg for steg.

Og om dei såg eller ikkje såg sine mål:

I alle fall godt at det finst ingen veg tilbake.

Fortida som rykande styrta såman skauv dei

fram slik krutet sprengjer blyet fram:

Framover! og dei tok sin lagnad på seg —

Sei difor med meg, enno ein gong: Ære vere desse!

Eg, soldaten som kjem med bod til dei, stod still

og tenkte over kva eg kunne få:

ikkje forklaringar av dei

men av deira gjerningar, på same vis som bom

først kan svare for seg i vaksen alder.

Sa til slutt. Til meg sjølv, som trøyst:

kven føremålet enn tilhøyrde

kunne ikkje gud gjort det annleis.

1955

Knut Ødegård og


作者
Gyula Illyés

译者
Vince Sulyok

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Illy%C3%A9s_Gyula-1902/A_reform%C3%A1ci%C3%B3_genfi_eml%C3%A9km%C5%B1ve_el%C5%91tt/no/23799-Framf%C3%B8re_minnesmerket_for_reformasjonen_i_Gen%C3%A8ve


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论