Eld,
du levande,
vakre, som flagrar med stjernekrefter
og fyrer lokomotivet til døde, jagar det
inn i si svarte, tyngjande einsemnd,
eld,
du levande,
inspirasjon med røter i altet,
bløm i den blødande fuglen,
brenn han opp så han seier vår skjebne,
det er ikkje oska vi ønskjer
men ordet, hans vaktande ord,
eld,
du levande,
isen sigrar du over, med hender av sol,
ikkje tol at vi eldest, ein etter ein,
og får skjegg på vår sjel,
av nøktern, kjølig vurdering
her i vår verd av kjøp, sal og svik,
sveip oss i morgonrode,
send oss på flog mot evige forbod
inn i den raude dans over alle isfjell,
du, ungdommens konge,
eld!
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论