Eg lever i unge hjarta


Eg lever i unge hjarta for alltid.

Fånyttes trugar dei meg på livet,

dei gamle knarkar og arge toskar:

mitt liv har tusen på tusen røter.

Det er ikkje kvar mann gitt å få eige

ein evig ungdom av heilage opprør,

lengsel og tru. Berre den som lever

eit blodfullt liv, i røyndom og sanning.

Ja, eg skal leve, leve og sigre,

eit stort og smerteleg liv gav meg retten.

Hån og skitord skal ikkje nå meg,

for eg er verna av unge hjarta.

Min lagnad er alt den evige bløming.

Fånyttes trugar dei meg på livet,

heilag er det og hardt som ei kiste.

Men det er blømande liv, det er evig.


作者
翁德雷·厄岱

译者
Åse-Marie Nesse

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Ady_Endre-1877/Ifj%C3%BA_sz%C3%ADvekben_%C3%A9lek/no/23961-Eg_lever_i_unge_hjarta


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论