Forskremde og leitande
etter kvarandres hender
styrtande inn i kvarandre
spring dei, dei forfylgde
skyene — —
— kven vil
fortelje meg
kva eg skulle fyke ifrå,
ja var eg heilt aleine
Med drivande tårer græt eika
over fargen sin
og sin vårlege lyst
— snappar skremd
etter himlen.
1928
Knut Ødegård og
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论