Som dogga


Som dogga ynskte eg å falle over deg,

som elvevatn ynskte eg å risle over deg.

På hendene dine: den mjuke vind

frå tankane mine, vår og linn.

Som trufast dyr: smyge handa mi mot deg,

med augevippane: breie varleg på deg.

Under min herlege himmel: vår seng,

vi låg på mi framtids vakre eng.

Å, korleis sei'det? Den fyrste gongen,

da eg hadde sovna hos deg den gongen

kom barndomsvenen, ein hund, dit inn

i draumen: slikka meg på øyre og kinn.

Eg klamrar meg til deg, eg vernar om deg,

til sigersflagg ynskte eg gjere deg.

Over deg, som over mor mi bøygd som gut.

Men og som over ein gravstein, lut.

1927

Knut Ødegård og


作者
Gyula Illyés

译者
Vince Sulyok

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Illy%C3%A9s_Gyula-1902/Mint_a_harmat/no/23789-Som_dogga


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论