Trulaus dag


Eg blir trulaus mot det fedreland eg drøymde,

trulaus mot mitt vemods kvinnestjerne,

trulaus mot alt vanvits veg i sommar.

På balkongen min ei jernkorg,

burde vinden setje sine gule støv-flagg,

alt er audt og tomt,

ingen dokker lenger, ingen blomar,

ingen syner som kan fengje.

Også eg forsvann,

ein trufast vaktpost,

eine, men påpasseleg til tusen.

Ingen finn meg heime i mitt hus,

verken uvenn eller venn,

men eit jegerblikk vil lett oppdage

spor av mine ørneklør på søndagsbladet,

songen på mitt bord

og tenkje-oska i den store skåla.

Det lykkelege landet fann eg opp

og skauv det frå meg att, i fantasien,

så ingen vill orkan skal plage det

på slik ein heilag dag.

Sjølv står eg her i støv og fluesurr,

i veggplakatars søte smil,

blant heilagmenn omkring ein bardisk,

med frakken slengt om eine skuldra

og glaset mellom begge hender.


作者
László Nagy

译者
Åse-Marie Nesse

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Nagy_L%C3%A1szl%C3%B3-1925/A_h%C5%B1tlens%C3%A9g_napja/no/24089-Trulaus_dag


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论