Aldri helsa sola meg slik som nå!
Å, alle himlars juvel, med strålar som bryt gjennom grøne tåker,
kor herleg landskapet er når du voggar det blidt i ditt fang av purpur!
Nå først skjønar eg kvifor gjætaren ber fram fromme kvad til di ære
og kvifor biene lovsyng deg når dei flyg frå svermen og
syg ditt lys og den ljuve nektar av blomar.
Ser du deg sjølv i ein spegel av blåe vatn og rosa bekker,
slik eg ser deg, med brennande krone til prydnad.
symjande i eit uendeleg rom,
til fryd og undring for gategutar?
Dei svale liljene let seg att utpå kvelden,
men opnar seg når du kjem, og sender sin ange imot deg.
Lik ein hyrding driv du himmelens svarte og kvite flokkar,
jagar månen bort frå din veg og blendar små stjerner.
Veit du kva godtfolk seier, kjenner du bønders lov-ord,
høyrer du kvinnene tale om deg ute på stubbmark
eller ved brunnen, med barn under hjarta?
Tallause songar og kvad er dikta til ære for deg,
men du er ei evig kjelde og kan ikkje fangast i ord.
Eg sit på ein steinbenk her ved mitt hus, halvt i søvne ennå,
og kjenner du stryk meg på hovudet, kjenner din varme nedover ryggen.
Såleis blir diktet mitt til, det er blod av ditt blod,
og det svevar imot deg i rytmen av utbreidde venger.
Min kjærleik heng ved dine usynlege lipper,
eg drøymer at du er bodberar, talsmann for ho som eg elskar.
Skodar eg deg, da ser eg samstundes henne,
korleis ho kjemmer sitt herlege raude hår i ein spegel
og ser på meg med det same dragande blikket,
like dårande, like magisk som ditt.
Og all den hjelp du har gitt i dei trengsels tider
da fridoms tapre og trufaste søner
fall som gras under kvinande ljåar,
da fangar fekk nye krefter av strålane dine,
da jødar vart jaga tvers gjennom heile Europa
og berre olje-dropane dine fall som balsam på smerte-bålet.
Ingen finst som ønskjer å skiljast frå deg.
Den som nemner ditt damn, syng som i rus ein lovsong til dine kyss,
i dag og til evig tid.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论