Lemmene verker, eg kjenner dei alle, eg lid: eg er!
For jævleg ein tilstand, eg lær.
Eg lær over det at den kroppslege pine
lik ein vert presenterer meg lemmene mine.
Hekseskot fyk gjennom bein og nervar: vill brann
som blottlegg meg sjølv når eg fylgjer han.
Så mykje plage, og mange handtrykk: opp ein svip
gjere grimase, bukke, og så: mi hand eg grip!
Visste'kje før kor svelg og lunger og lever var.
Kor ryggmargen er, dunkar hovudsmerten meg svar.
No kjenner eg alt som plagar min bustad her.
Smerten tenner ei rad av lamper. Eg lid: eg er!
Lever i verd av draum den som ikkje eig pine.
Kjenner meg uvel, men kjenner lemmene mine!
Dette til lærerik slutning. Kven fekk sjå
inn i livsens løyndom: Den «sjuke» kunne forstå!
Kven kjende vel røyndom og sanning om denne vår verd
og det som er over? Desse som fattige, lidande er.
Kven sa oss vår framtid? Dei som sterkare kjensler har
enn hine. Den sjuke vart lækjar! Gav svar.
Rådet — det heilage råd eg kan gje — må verte:
Dei styrande må vere lik nervar som glør av smerte!
1954
Knut Ødegård og
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论