Ein blome av metall, ei klokke, står
ved tinningen og tikkar giftig dogg.
På himmelkvelven sprakar stjerneskot
og natta susar som ei lauvtung grein.
Lik jorda i si tåke vrid dei seg,
men aldri kan dei bli som barn igjen.
Minutta slår dei som ein meteor
mot hav, som naglane mot Kristi kropp.
Og mannen på si beitemark av sorg,
han seier: «Høyrde du, ei stjerne fall?
Trur du vi søkk i mørke djup til sist?»
Men kvinna ventar i sin heite trå.
Om hennar hofter fløymer serken mjukt.
Og tid og død kan ikkje skade meir.
To nakne føter sov; nå vaknar dei
og lyser som eit lite morgengry.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论