Når du har fylt dei førti…


Når du har fylt dei førti, kan det hende

du vaknar brått ei natt ein gong, og sidan

kjem ikkje søvnen att. Du ser på rommet

i mørket der du ligg. Du grunnar sakte

på eit og anna. Ligg med opne augo

som ein gong i di grav Det er eit vende,

ditt liv vil svinge inn på nye vegar.

Du undrast over at du alltid levde

imellom jord og stjerner. Minnest småting,

du leikar med dei, trøytnar, let dei falle

Du høyrer stundom larmen ifrå gata.

Du veit så vel kva alle lydar tyder.

Vemodig? Berre merksam, vaken, nøktern.

Og nesten roleg. Men du ligg og sukkar

og vender deg mot veggen. Til du sovnar.


作者
德茲索·科斯茲托蘭伊

译者
Åse-Marie Nesse

来源

https://www.babelmatrix.org/works/hu/Kosztol%C3%A1nyi_Dezs%C5%91-1885/Ha_negyven%C3%A9ves%E2%80%A6/no/23983-N%C3%A5r_du_har_fylt_dei_f%C3%B8rti%E2%80%A6


报错/编辑
  1. 初次上传:李大侠
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论