Kornåkeren


Eit gamalt tresnitt av Tower Bridge
eg eit oljetrykk av ein kornåker.
Andre bilete er det ikkje på avdeling D.

Tower Bridge med sotute tårn yver elvi.
Men det er den kornåkeren eg ser.
Eit gylle hav av korn.

Han er ikkje som andre åkrar. Er det
alle drøymarauga som har flutt han
inn i sin himmel?

Ein haustblå, mild himmel
utan skurdfolk og ljå.


作者
奥拉夫·H·豪格

报错/编辑
  1. 初次上传:传灯
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论